Skip to main content

Søndag 26.oktober inviterar Vestri til eit treningsstevne i ridehallen i Ørsta kl. 11.00

Dette er eit uoffisielt stevne for treninga si del, og ikkje minst for å ha det kjekt saman! Ope for alle aldrar, også med leiar.

Vi set opp følgjande klasser:

T7 – sakte tempo tølt og valgfri tempo tølt.

T3 – sakte tempo tølt, tempoauking i tølt, hurtig tempo tølt.

V5 – valgfritt tempo tølt, trav, skritt og galopp.

V2 – sakte tempo tølt, trav, skritt, galopp og hurtigtølt.

F2 – sakte/middels tempo tølt, trav, skritt, galopp og pass.

TREGANG: Tre valgfrie gangartar.

Påmelding: Bindande påmelding til Veronica Hafezi på messenger/melding innan 22.oktober. Skriv namn på deltakar og hest, klasse og kva hand du vil starte på. Påmeldinga er ikkje gjengdane før betaling er gjennomført.

Vipps: 508854

Prisar: For Vestri-medlem: 250 kr per ekvipasje.

For ikkje-medlem: 350 kr per ekvipasje.

Det blir premiering med rosettar i alle klasser, samt kiosksal med mykje godt! Bli med på ein kjekk hestedag

Leave a Reply