Skip to main content
Ørsta og Volda Fjordhestlag

Den norske fjordhesten.

Ørsta og Volda fjordhestlag vart skipa 3.mai 1925 som ei samanslåing av Ørsta, Volda og Bondalen hestealslag. Samstundes som laget vart skipa, kjøpte dei inn avlshingsten Molnesblakken. Gjennom dei åra fjordhestlaget har vore drifta har ein hatt fleire sjølveigde og leigde avlshingstar innan laget Ørsta og Volda fjordhestlag har medlemar frå heile Sunnmøre og har vist seg godt igjen på landsbasis med sitt arbeid for fjordhesten.

Fjordhesten er eit nasjonalsymbol og viser meir og meir si allsidigheit. Tidlegare var hestane nytta til tungt gardsarbeid, medan i seinare tid ser vi fleire og fleire fjordhestar i sporten. Dette fører til eit krevjande avlsarbeid, der ein må skape den fjordhesten som folket vil ha og treng. Til tross for at fjordingen er ein allsidig hest, som er kjent for sitt gode lynne, står den no i fare for å bli utrydda. Bedekningstala er låge. Dette er noko Ørsta og Volda fjordhestlag vil arbeide mot. Fjordhestlaget vil i framtida legge til rette for at avlsarbeidet i Ørsta, Volda og omegn skal
oppretthaldast og skape glede og engasjement knytt til fjordhesten.

Kom i kontakt med oss.

Torill Kristin Wollmann

Tlf: 908 45 628
E-post: orstavoldafjordhestlag@gmail.com

MEDLEMSKAP

Vil du bli medlem av laget?
Som medlem i Ørsta og Volda Fjordhestlag får du moglegheit til å påverke og utvikle laget vidare, du får også stemmerett på årsmøte. Om du ønsker å delta aktivt vil du kunne være valbar til ulike verv og posisjoner. Det er ikkje krav om å ha fjording for å være medlem. Vi ønsker deg/dokke hjarteleg velkommen, og vi gleder oss til alle nye kjennskap i framtida!

PRISAR FOR MEDLEMSKAP:

– Enkeltmedlem: 200 kr
– Familiemedlemskap (heile familien): 400 kr

KONTONUMMER

3992 30 18909

VIPPS

595156