Skip to main content
Vestri Islandshestforening

30 år med Vestri.

Vestri Volda og Ørsta Islandshestforeining blei stifta i 1987. Foreninga skal arbeide for Islandshestens fremme ved å samle interesserte for å auke kjennskapen og utbreiing av rasa.

Vestri har siste åra lagt opp til mykje fokus på rekruttering av nye medlemmer med arrangement som: kurs for born og unge, klubbstevne, familiedager med show og barneriding, samt dagsturer og overnattingsturer. Me har også hatt medlemskveldar med forskjellige tema. Foreininga er no i vekst med eit aktivt styre.

2016/17 har vore svært innhaldsrike år med mange aktivitetar, der me har lagt opp til at foreininga også skal ha bra inntekt. Dette med tanke på eigenkapital til eit større anlegg og få erfaring som arrangørar av større framtidige aktivitetar på eit slikt anlegg.

Rekruttering av nye medlemmer er vil fortsette å stå i fokus og med eit funksjonelt hestesportsanlegg vil moglegheiter opne seg for eit mykje større omfang av aktivitetar. Vestri har i over 30 år bestått utan ridehall eller ovalbane, noko som seier mykje om engasjement oppover åra. No er me klare for å satse større.

Aktive medlemmer pr 2018 ca 30.

Kom i kontakt med oss.

Torunn Hjelvik
Tlf: 91 64 45 86
E-post: torunnhjelvik55@hotmail.com

MEDLEMSKAP

Vestri – Volda Ørsta Islandshestforening blei skipa i 1987 – for alle islandshestinteresserte i alle aldrar, med eller utan hest. Vi prøvar å inkludere alle, og har det sosialt utan hest også. Vestri er medlem i NIHF – Norsk Islandshestforening og Norges Rytterforbund.

Du kan velge mellom å vere hovudmedlem(m/familiemedlem), lokalmedlem eller berre støtte Vestri.

HOVUDMEDLEM

For dei som vil ha fullt medlemsskap i NIHF og Norsk Rytterforbund, kan melde seg inn i Vestri via Sporti.dk. Dette medlemsskapet inkluderar:
– Medlemsbladet Islandshestforum
– Tilgang til Worldfengur – stamboka for islandshesten på verdensbasis
– Vere med på stevner og arrangemang utanom klubben
– Felles rideturar
– Overnattingsturar
– Ta del i eit sosialt og kjekt miljø
– Temakveldar
– Medlemskveldar
– Rabatt ved treningsstevne i regi av Vestri
– Rabatt i Agria dyreforsikring
– Rabatt trening m/instruktør i regi av Vestri
– Rabatt kurs i regi av Vestri
– Julebord
Dette kostar 900,- året for hovudmedlemsskap, + 150,- pr.familiemedlem. Link til hovudmedlemsskap: https://www.sporti.dk/club.php?id=113&v=cj

LOKALMEDLEM

For dei som ikkje ønskar å motta medlemsbladet islandshestforum, tilgang til Worldfengur, eller vere med på stevner/arrangemang utanom klubben – kan vere medlem lokalt med nesten same fordelar som hovudmedlemar på Vestri sine arrangemang:
– Felles rideturar
– Overnattingsturar
– Temakveldar
– Medlemskveldar
– Julebord
– Rabatt ved treningsstevne i regi av Vestri
– Rabatt trening m/instruktør i regi av Vestri
– Rabatt kurs i regi av Vestri
– Ta del i eit sosial og kjekt miljø
Lokalt medlemsskap kostar 300,- året, og kan betalast inn på kontonr: 3991 40 21875, eller vipps 508854. OBS! Merk betaling med f.eks «medlemsskap Ola Nordmann Vestri 2020».

STØTTEMEDLEM

Ønsker du å støtte Vestri utan å bli medlem – så kan du velge å vere støttemedlem med valgfri sum. Vi blir veldig glade for all støtte vi kan få. Vi er ein liten klubb, men med mange eldsjeler som brenn for islandshesten, rekruttering og fremme hestesporten. Støttemedlem kan enten vippse eller bruke bankoverføring. Bankkonto: 3991 40 21875, eller vipps: 508854. OBS! Merk innbetalinga med f.eks «støttemedlem Ola Nordmann 2020»