Om

Ørsta Hest AS

Ørsta Hest AS er eigd av Ørsta og Volda Fjordhestlag (skipa 1925), Ørsta Ride og Køyreklubb (skipa) 1981 og Ørsta- og Volda Islandshestforening – Vestri (skipa 1987). Dette er eit samarbeidsprosjekt der alle tre hestesportslaga i kommunen samarbeider om å bygge og drive hestesportsanlegg i Idrettsparken i Ørsta. To av laga er idrettslag tilknytta Norges Rytterforbund – NRYF og Norges idrettsforbund – NIF.

Ørsta Hest skal bygge eit moderne hestesportanlegg i idrettsparken i Ørsta kommune. Vi planlegge realisering av første byggjesteg i løpet av 2020!

Ørsta Hest skal tilby meiningsfylte aktivitetar for born, unge og vaksne. Vi skal leggje til rette for meistring på ulike livsområde og i idrettslegg samanheng.


Kontaktinfo:

Margrete Homlong Øyehaug
E-mail: margreteoey@gmail.com
Tlf: 481 24 689

Grøne val

Miljøprofil – Ørsta hest gjer medvitne, grøne og klimavenlege val
– Vi vel natursand i ridebanebotn framfor t d gummi og filt
– Vi vel naturmateriale (tre) i byggjing av ridevantet rundt banen, tribune, rampe for funksjonshindra og dommarbud
– Vi vel moderne led-teknologi i lysanlegget
– Vi legg vekt på val av heldbare materiale med lang levetid i val av leverandør av hallbygg
– Vi vel grus og ikkje asfalt/oljegrus i høve til tilkomstveg og parkeringsareal. Miljøvenleg og hestebeinvenleg
– Vi skal nytte brukte hestesko til dekorasjon i ridehallen
Gjenvinning av hestemøkk

Vi ønsker samarbeid med VØR- Volda og Ørsta reinhaldsverk om levering av hestemøkk til gjenvinning i det komande biogassanlegget på Melsgjerdet. Vi har starta på arbeidsprosessen vedkomande dette.

l.