Hestesportanlegg

Idrettsparken i Ørsta kommune

Tilbod og aktivitetar vi vil tilby når hestesport er ferdig:

Vi gir tilbake til lokalsamfunnet

Dette er tilbod og aktivitetar laga i Ørsta Hest vil tilby i det framtidige hestesportanlegget.

For aktive og hesteeigarar i nærmiljøet

  • Ein fellesarena for dyrking av same interesser og utveksling av kunnskap

  • Ein stad å arrangere kurs i enkelte sine interessefelt

  • Gode fasilitetar og treningstilhøve

  • Faste treningar og kurs med innleigde instruktørar

  • Samlingar og utstillingar

  • Konkurransar og stemne

Ørsta Hest ønskjer å legge til rette for tilbod til funksjonshindra og sjuke. Vi vil inkludere menneske med særlege behov

  • Legge til rette for at lokale aktørar kan nytte anlegget og tilby terapiriding
  • Legge til rette for at lokale aktørar kan nytte anlegget og tilby hesteassistert terapi og intervensjona td. i samarbeid med barneverntenesta
  • Legge til rette for kurs/trening med spesiell tilrettelegging t.d. i samarbeid med fysioterapeut, døvetolk, handikapleiar osv.

For alle/turistar/tilreisande

  • Spesielle opplevingar med hest, t.d. Naturfestivalen som Ørsta ride- og køyreklubb har eit mangeårig samarbeid med
  • Oppvisingar og deltaking på opne gratisarrangement som t.d. Lysfesten

For barn, ungdom og familiar

  • Ridekurs og mini-rideleir
  • Familiedagar og barneriding
  • Tilbod til barnehage/barneskule, t.d. opne for besøk på anlegget, arrangere klappestall og liknande.

Når byggesteg 3 er ferdigstilt vil det opne seg moglegheiter for å kunne tilby

  • Oppstalling (leige eller kjøp av stallplass)
  • Gode avtalar på kjøp av for og tenester som veterinær/terapeut/skoing osv
  • Rideleirar. Inn på stallen-tilbod og Heste-SFO

Nøkkelpersonar- eit lag med høg kompetanse