Skip to main content
Ørsta Ride- og Køyreklubb

Livsstilen med hest

ØRKK er ein ride- og køyreklubb og vart stifta i 1981 av eldsjeler som brann for allsidig bruk av hesten og hestesporten. Per i dag har klubben om lag 40 medlemmer, vi har i tillegg mange støttespelarar med på laget vårt! Klubben har igjennom åra stått for ei rekkje aktivitetar som barneriding, kurs i hestestell og hestehald, besøksstallar der born og unge kan kome og lære seg å stelle hest, ridekurs i ulike greiner, kurs i stell og vedlikehald av seletøy og utstyr, fellesturar og ride- og køyrestemner og mykje meir.

Kom i kontakt med oss.

Madsi Vartdal Vinjevoll
Tlf: 942 76 894
E-post: Orstarideogkoyreklubb@gmail.com

MEDLEMSKAP

Senior: kr 400
Junior: kr 300 junior (under 16 år)
Sekundærmedlem: kr 200
Familiemedlem: kr 100
Dette gir deg reduserte prisar på aktivitetar og også muligheit til å starte stevner i regi av klubbar tilslutta Norges rytterforbund. Medlemmar blir også prioritert på kurs og arrangement i regi av klubben. Ikkje minst vert du del av eit aktivt og sosialt klubbmiljø!
Medlemmar får også 15% rabatt på utstyr til hest og rytter på Eik Senteret i Ørsta.

MEDLEMSFORDELAR

-Fortrinnsrett på klubbaktivitetar.

– Redusert pris av leige på maratonvogn. PRISER HER

– Startpakke til medlem mellom 3-12 år

– 15% rabatt på utstyr til hest og rytter hjå Eiksenteret Ørsta

– Moglegheit for å søke om stevnestøtte

– Moglegheit for å opparbeide dugnadspoeng på utvalgte dugnadar .

1 dugnadspoeng = 50 kr, og delast ut per time du er på dugnad. Desse poenga kan nyttast til å kjøpe klubbklede eller betale for treningar/kurs.

Flere fordeler finner du via Norges Rytterforbund