Våre ambassadørar er vi svært stolte av

Karine

«Hesten ser og høyrer for meg, noko som gir meg opplevinga av å kunne bevege meg fritt!»

Karine har drive med hest og dressurriding i mange år. Grunna kombinert syn- og hørselstap er Karine registert som døvblind og konkurrerer i eigne klassar for funksjonshindra. Ho fekk Sparebank1 Søre Sunnmøre sitt talentstipend i 2009, utvikla talentet sitt vidare og vann bronse i dressur-NM med shagya-arberen Jesper i 2016!

«Hesten ser og høyrer for meg, noko som gir meg opplevinga av å kunne bevege meg fritt!»

Torunn

Torunn er utdanna trenar, lærar på hestelinje og leiar i Vestri - Ørsta og Volda Islandshestforening.

Torunn Hjelvik er ei av hestejentene våre – av born og unge I ridesporten er 80% jenter. I dag er ho utdanna trenar, lærar på hestelinje og leiar I Vestri – Ørsta og Volda Islandshestforening!

Sunniva

“For meg er det svært viktig å ri på hest. Eg har pws og treng å styrke balansen og ryggen min, då personer med pws er utsett for skoliose."

Sunniva har Prader Willis Syndrom og har i mange år hatt eit tilbod gjennom eitt av laga. I tillegg går ho i terapiriding.

“For meg er det svært viktig å ri på hest. Eg har pws og treng å styrke balansen og ryggen min, då personer med pws er utsett for skoliose. Det er veldig kjekt å ri og styre med hest, eg får utfordringer så eg må konsentrere meg og eg treng å føle meg velkommen i et inkluderande miljø

Even

Even Myklebust er tredje generasjons hestekar, nasjonalt og internasjonalt anerkjent oppdrettar av fjordhestar I toppklasse. Eit førebilete for mange!

Even Myklebust er tredje generasjons hestekar, nasjonalt og internasjonalt anerkjent oppdrettar av fjordhestar I toppklasse. Eit førebilete for mange!

Ella

Ella får god kontakt med hesten og har allereie i ung alder utvikla eit blikk for kva som fungerer i aktivitet med hest. Dette gir stor glede og mestringskjensle.

Ella er ei lita jente som har vore med på barneriding i fleire år og ho elsker å styre med hest. Ella får god kontakt med hesten og har allereie i ung alder utvikla eit blikk for kva som fungerer i aktivitet med hest. Dette gir stor glede og mestringskjensle.

Ella ønsker å lære å ri og bli ei skikkelig hestejente!