Skip to main content

Årets overnattingstur til Fjelle i regi av Vestri Islandshestforening er no vel gjennomført. Turen gjekk som i fjor frå Hareidseidet, opp til vassverket, via Brudevoll Gard og ned til parkeringsplassen på eidet for ei svelepause før ekvipasjene starta vegen opp til Fjelle. Ved endemålet var middagen klar for servering, og den gode stemninga fortsatte i stabburet på Oskargården langt ut på natta. Dette la ikkje ein dempar på søndagsturen, som gjekk frå Fjelle til Høgebrua. Ei strålande helg med gode hestar, godt selskap, og god mat og drikke! Og jammen var været med oss i år også. Takk til alle som deltok for ei fantastisk helg! Vi gler oss allereide til neste år.

Leave a Reply