Skip to main content

Helga 22. – 24. april arrangerte Ørsta ride- og køyreklubb kurs med Trine Bøhnsdalen. Kurset var fullteikna med 7 deltakarar med eigen hest og 15 deltakarar utan hest og her kom deltakarar heilt frå Førde og Lesja! Det var tre timers teorikurs fredag kveld, laurdag og søndag var det øvingar med hest i ridehallen i Idrettsparken. Trine Bøhnsdalen frå Moelv held kurs og workshops i relasjonell horsemanship. Trine er oppteken av allsidig bruk av hesten og særleg relasjonen og samhørigheita mellom menneske og hest. Ho hjelper folk med å forstå og kommunisere betre og enklare med hestane sine, og ho hjelper hestane med å forstå menneska rundt seg betre. Fokuset er på grunnleggande handtering og riding, og det å verte medviten på at kva du gjer og ikkje veit at du gjer påverker åtferda til hesten i alle situasjonar. Ho har allsidig bakgrunn med hest, men har særleg røter innanfor ulike westerngreiner, arbeid med unghest og hestar med utfordrande åtferd. Noko av det ho jobbar mest med er å hjelpe folk med å sjå dei små og subtile teikna fra hesten på uro, usikkerheit og avspenning, som har stor tyding for vidare trening og samhandling med hesten.

Helene Solbakken Fjellving: det viktigaste eg lærte var at tilsynelatande små og uviktige signal har stor tyding for reaksjonen og åtferda til hesten min, fjordhesten Skaars Hadrian. Hesten er svært følsom for meg og kva for signal eg sender ut med kroppsspråk og energien min.

Hestar er svært følsomme dyr er svært merksame på flokken sin, omgivelsane rundt seg og på menneska sine, som er ein del av flokken. Ei utfordring for mange hesteeigarar er å sjå det som skjer før det som skjer skjer. Ofte reagerer vi i etterkant og er ikkje i forkant, dermed opplever vi ofte at vi ikkje får til det vi ønsker eller å hamne i uønska situasjonar. Når hesten ikkje vil samarbeide med deg eller motset seg det ein vil den skal gjere, kanskje til og med utagerer eller stikk av, så er det ein grunn til at dette skjer. Trine bruker blant anna polygaval teori i tilnærminga si og fokuserer mykje på tydinga av å vere trygg både når det gjeld menneske og hest. Ho poengterer at alt vi gjer er kommunikasjon og vi må vere tilstades med kroppen vår, med energien og sansane våre saman med hesten. Dersom ein opplever at hesten manglar respekt så handlar dette oftast ikkje om dette, men om at hesten ikkje forstår kva som skjer. Trine seier at vi må hjelpe hesten å finne det trygge ved å sjå og forstå det dei vil fortelje oss framfor vise frustrasjon og sinne. Tryggheit er ikkje fråvere av truslar, men nærvær av kontakt mellom hest og menneske.

Leave a Reply