Skip to main content

Torsdag lagast det til oppsett for laushopping på bana på Brudavollen, og ynskjer alle medlemmar tilknytta Ørsta Hest velkomne med hestane sine! Arrangement finn du ved og klikke HER.

Dersom det er mange som vil kome med hest set vi opp tider, slik at ein slepp mykje venting. Vi har eit begrensa antal bokser som kan lånast dersom nokon har med seg mange hestar.

Vanskegrad, hinderhøgde osv. bestemmer kvar enkelt hesteeigar sjølv. Max. to hestar på bana samtidig.

Om ein ikkje har gjort dette før, så er vi mange som gjerne hjelper til! 

Ingen aldersgrense for hest, dei yngste får god miljøtrening av å springe over bommar på bakken. Vi anbefaler ikkje å laushoppe drektige hopper.

Vi tek 50,- pr hest, som i si heilheit går til Ørsta Hest AS.

Vi ynskjer friske hestar og friske folk velkomne! Smittevernreglar skal overhaldast, og det blir tilgong på antibac ved bana. Dersom det blir over 20 personar tilstades, må vi be evt. publikum trekke heim. Vel møtt!

Leave a Reply