Skip to main content

Vestri inviterar til hovkurs ved Stall Røyset (Hareid) 7-8. november med May Siri Stene. Stene er utdanna hovslagar, og har mange års erfaring. Sjølv er ho hesteeigar og driv rideskule. Kurset er over to dagar og program er slik:

Dag 1

– Hovteori og anatomi

– Balansering, kva ser vi etter og korleis

– Hesten sitt eksteriør, korleis påverkar dette hoven

– LUNSJ

– Verktøy, kva treng du – Arbeidsstilling og teknikk

– Bedømming av høver

– Demonstrasjon av arbeid

Dag 2

– Kort repetisjon

– Praktisering med veiledning på eigen hest

Deltakar vel sjølve om ein ønskar praksis i hovpleie, eller kurs i av/påsetting av hestesko. Det er ønskeleg at deltakarar har med eigen hest, og går gjerne saman to og to på samme hest(Vi har nok hestar, så du treng ikkje å ha eigen hest). Dersom du har litt hovslagarutstyr kan du gjerne ta med det.

Leave a Reply