Skip to main content
Nyheiter

Klikkertreningskurs med Sofie Polmar i Volda

Laurdag 20. august til søndag 21. august inviterer Volda rideklubb til klikkertreningskurs med Sofie Polmar.

 

Kurset blir i ridehallen på Vollane. Sofie har lang erfaring innan klikkertrening av både hest og hund og jobbar som dyretrenar for film og tv-bransjen. Ho var dyreansvarleg for blant anna den norske filmen Askepott der det var mange hestar med. Der lærte ho opp skodespelarane å ri. Les meir om det HER Kurset er ope for alle, både med og utan hest. Vi startar med teori laurdag morgon klokka 10.00.

Pris med hest: 1800,-

Pris for publikum inkludert teori: 250,-

Halleige om du ikkje har det: 100,- (for dei med hest)

Oppstalling på klubbstallen: 350,- pr natt/døgn

Bindande påmelding. Påmelding/spørsmål til Edle Holmin på messenger eller tlf. 482 13 482 .

 

Litt info om Sofie Polmar: Er du og hesten din kanskje litt lei av den vanlege treninga? Føler du at de står litt fast og manglar motivasjon? Då passer dette kurset for deg! Sofie Polmar er klikkertrenar og -instruktør. Ho har halde på med klikker- og triksetrening av hest i ei årrekke, og på dette kurset vil vi jobbe med korleis vi kan bruke positiv forsterking i trening av hestane våre, slik at vi får ein hest som syntes det er gøy å trene og lære nye ting! Sofie kan mykje om positiv forsterking i forhold til trening med hest. Med denne type trening kan ein for eksempel løyse problem med hengarlessing og diverse uvanar på ein positiv måte. Les meir om Sofie HERHør intervju med Sofie i Hestenes klan her.

Leave a Reply