Skip to main content
AktivitetarNyheiterØrsta Ride- og Køyreklubb

Ride og stellekurs for vaksne

By 1. november 2021november 9th, 2021No Comments
Har du lyst å prøve deg på hesteryggen for første gong, eller kanskje du har ridd aktivt tidlegare og vil friske opp gamle kunstar? Då melder du deg på ride og stellekurs for vaksne 19. og 20. november.
Kurset er ope for alle over 18 år, både deg som har ridd før og deg som er heilt fersk. Vi deler inn i grupper etter nivå. Får vi reine dame og herregrupper er det ekstra artig, her er det stor takhøygde og null prestasjonspress.
Ynskjer du at nokon leier hesten heile eller delar av timen står det flinke folk klare til å gjere dette.
Delen med stell av hest, møkking og fôring vil foregå på i Elvastallen og på Stall Brudavoll fredag frå ca 19-21. Ridetimen vil være i ridehallen vår på mosflata frå kl 11-13 lørdag. alt etter om du er på første eller siste gruppe.
Instruktør er Madsi Vartdal Vinjevoll og det vil være 10 min innføring om utstyr og sikkerhet før ridinga blir 50 min.
Du treng ikkje noko fancy utstyr, sko med litt hel er det einaste. Hjem får du låne. Vi har nokre kjekke hestar til utlån, i tilegg oppfordrer vi dei som har tilgong på hest om å ta med den. Begrensa antall plasser for dei som treng å låne hest. Vektgrense på lånt hest 100kg.
Pris på kurset er 500kr for deg som låner hest. 400kr for deg med eigen hest.
Førsterett for dei som var med på voksenkurs i oktober 2020

Leave a Reply