Skip to main content
Gladmelding frå styret i Ørsta Hest – det vert ridehall frå Fjøssystemer!
I går signerte styreleiar Margrete H. Øyehaug avtale med Fjøssystemer om bygging av fullisolert ridehall på 23.5 × 70 meter. Vi får ein flott ridehall på «gull-tomta vår i Idrettsparken – ei lokalisering mange berre kan drøyme om! Styret oppmoder no alle – medlemmer og støttespelarar alle tre eigarlaga til å støtte opp om prosjektet vårt og bidra til å styrke eigenkapitalen. Kjøp din eigen Gullhestesko for kr 1000 eller spleis på ein saman med nokon andre. Vipps til nr 579731 eller overfør til konto 3992.06.33459 og merk med namn på hesteskoeigar. Vil du støtte med eit mindre beløp vipps eller overfør til konto!Vi vil invitere til medlemsmøte og informere nærare – meir info kjem! Dette vert eit stort løft for laga og me treng dykk alle til å bidra med stort og smått i tida som kjem. Saman er vi eit gull-lag!

Leave a Reply