Skip to main content

Teknikkutvikling med Therese Carlson Sellevoll. I helga har vi hatt kurs i teknikkutvikling med Therese, som er trener 1 og har gått Rider in balance del 1 med Maria Terese Engell.

Helga starta fredag med teori og praktiske øvelsar både på yogaball og på golvet. Her fekk vi presentert forskinga Engell har gjort på korleis rytteren påvirker hesten sitt bevegelsesmønster. Vi fekk oss alle nokre aha-opplevingar, og det var veldig interessant. Vi lærte også at hjernen er for treig når vi gjer bevegelsar som er refleks, og at ein treng 1000 perfekte repetisjonar for å endre ei vane. Med andre ord, det er berre å øve!

Vi fekk alle rettleiing på vår nullposisjon og vi fekk prøve både å ri travér og galopp på ball. Då blir ein bevisst korleis ein bruker hoftene og setebeina, og kva ein gjer med overkroppen.

Laurdag og søndag var det klart for riding. Dei fleste var nok litt forvirra når Therese plukka kroppsdelane våre, som ho sammenligna med legoklossar, frå kvarandre. Det som var fascinerende var at sjølv om vi synes det var uvant, så fungerte det.

Hesten har berre 2 bevegelsesretningar og må følge vår vektfordeling. Veldig gøy å oppleve! Nokon måtte av hesten og på ball for å terpe. Dersom du no ser oss stå i køa på Kiwi med navlen inn og brystet fram, er det berre fordi vi har blitt 24-timarsutøvarar og prøver å få automatisert sits.

Vi har fått mange kjekke aha-opplevingar! Vi håper Therese kjem tilbake.

Leave a Reply