Ørsta og Volda Fjordhestlag arrangerer torsdag 18. februar kl. 18.00 unghestsamling
MÅLGRUPPE: Unghesteigarar og andre med interesse for unghesttemming og trening . Primært for folk med interesse for de tre nasjonale hesterasane.
MÅL FOR KURSET: Hestane skal oppleve ulike miljøutfordringar i trygge omgivelsar og under trygg ledelse, slik at de opplever meistring og blir sikrare i bruk.
KRAV TIL HESTEN: Hesten må være leietemt og over 6 mnd, men utover det kan hestar i alle aldra og på ulike utdanningsnivå delta.
Vi starta med å sleppe unghestane på bana deretter blir det diverse leietrening/taumkøyring på aktivitetsbane.
Vel møtt med unghestane dokkar! Vi kjem til å fyre opp bålpanna og koke kaffi til alle som kjem innom, med eller utan hest!