Skip to main content

Søndag 2.april Vestri inviterar til treningsstevne i ridehallen i Ørsta kl. 11.00!

Dette er eit uoffisielt stevne for treninga si del, og ikkje minst for å ha det kjekt saman! Ope for alle aldrar, også med leiar. Vi set opp følgjande klasser:

T7 – sakte tempo tølt og valgfri tempo tølt.

T3 – sakte tempo tølt, tempoauking i tølt, hurtig tempo tølt.

V5 – valgfritt tempo tølt, trav, skritt og galopp.

V2 – sakte tempo tølt, trav, skritt, galopp og hurtigtølt.

F2 – sakte/middels tempo tølt, trav, skritt, galopp og pass.

TREGANG: Tre valgfrie gangartar.

Påmelding: Bindande påmelding til Veronica Hafezi på Messenger innan 30. mars. Skriv namn på deltakar og hest, klasse og kva hand du vil starte på. Påmeldinga er ikkje gjengdane før betaling er gjennomført. Vipps: 508854 Prisar: For Vestri-medlem: 250 kr per ekvipasje. For ikkje-medlem: 350 kr per ekvipasje. Det blir premiering med rosettar i alle klasser, samt kiosksal med mykje godt! Bli med på ein kjekk hestedag!

Leave a Reply