Skip to main content

Vi har i 50 år kjempa for hestesportsanlegg i Ørsta. Klubbane er sjølve ansvarlege for å skaffe finansiering og treng difor all den støtta vi kan få no når vi endelig skal realisere hestesportanlegget! Første byggjesteg er ridehall og avtalen med Fjøssystemer er signert! Det blir bygging av fullisolert ridehall på 23.5 × 70 meter. Vi får ein flott ridehall på «gull-tomta vår i Idrettsparken – ei lokalisering mange berre kan drøyme om!

Støtt opp prosjektet vårt og bidra til å styrke eigenkapitalen! Vi skal tilby meiningsfylte aktivitetar for barn, unge og vaksne og leggje til rette for meistring på ulike livsområde og i idrettssamanheng. Hest er ein fantastisk hobby og hestesporten inkluderer alle, uavhengig av kjønn, alder og funksjonsevne.

  • Byggesteg 1: Ridehall med klubblokale
  • Byggesteg 2: Ovalbane samt Rettsstrekke for islandshest og trav
  • Byggesteg 3: Stallanlegg, gir høve til å starte rideskule og heste-sfo
  • Vil du / ditt firma bli sponsor? Ta kontakt med styreleiar Margrete H. Øyehaug, tlf 48124689

Link til spleisen finner du HER 

Leave a Reply