Skip to main content

Siste helga i august byr vi medlemmar frå Vestri, Fjordhestlaget og Ørsta Ride- og Kjøyreklubb, samt andre som skulle ønske å delta, til horsmanshipkurs med Ole A. Johansen. Har du adferd- eller treningsproblemer med hesten din? Eller berre vil lære deg å kommunisere bedre med din hest? Då kan dette kurset vere midt i blinken!

Ta med eigen hest eller berre ver publikum. Max 12 hestar, første mann til mølla!

  • Pris for medlem i eitt av laga: 1400,- per. hest, heile helga 500,- publikum begge dagar 300,- publikum ein dag
  • Pris ikkje-medlem: 1500,- per. hest heile helga 600,- publikum begge dagar 350,- publikum ein dag

Bindande påmelding med hest på innlegg i arrangementet! Evt. På PM til Rakel Sætre. Skriv litt kva du ønsker hjelp med, kva hest det er og alder. Publikum kan betale i kiosken på arrangementsdagen!

Her lærer du det grunnlegjande om hestens adferd. Korleis vi som mennesker kan endre uønska adferd, eller skape ønska adferd. Og alt dette på hesten sine premisser. For Ole betyr dette at hesten skal forstå kva vi vil den skal gjere, utan å bruke vold eller makt for å oppnå det.

Sjekk ut Ole sin Youtube profil for å få eit innblikk i korleis han jobbar med hest – olealb.

Facebookside: Johansens Natural Horsemanship

Han får bo ved Solnakken gård under kursdagane.

Leave a Reply