Skip to main content
Det blir eit uoffisielt stevne med ulike ting ein kan delta i. Alder for å delta er til og med 15 år.
Klasser:
-Tregang
I tregang viser ein hesten ute på spore i tre valgfrie gangartar.
-Gangartsvisning m/ledsager
Gangartsvisninga er for dei som ikkje rir heilt sjølvstendig, og ein kan vise dei gangartane rytter meistrar med hjelp. Max. tre gangartar, og ein kan vise same gangart to gongar.
-Gymkhana
Eige program kjem (hinderløype)
-Saftriding
Rytter har eit glas med saft i handa og skal ri ei runde i hallen der målet er å søle minst mogleg, men på kortast tid.
Pris: 300,- per deltakar for medlem, 350,- per delrakar for ikkje-medlem. Ein kan då melde seg på så mange klasser ein ynskjer. Vipps nr.: 508854
Det blir moglegheit for å kjøpe enkel mat og drikke i kiosken. Påmeldingsfristen er sett til 14. oktober og program for dagen kjem fortløpande etter det. Påmelding til Veronica Hafezi.. Påmeldingsavgift må vere betalt innan påmeldingsfristen.
Vi gler oss til å sjå mange flinke barne- og ungdomsryttarar i aksjon, vel møtt!

Leave a Reply