Skip to main content

HISTORISK ATTERSYN – FLEIRE TIÅR MED ARBEID LIGG BAK

Tekst av: Anita Mari Brekke, Margrete Homlong Øyehaug, Madsi Vinjevoll

Det er mangfaldige år sidan første tanken om eit hestesportssenter i Ørsta dukka opp første gongen. Inntil om lag 1970 hadde ein Utstillingsplassen og Blåstallane på Ripateigane som sentral arena og samlingsplass. Utstillingsplassen vart opparbeidd av fjordhestlaget, dyreavlslaga og landbruksorganisasjonane i samarbeid med kommunen.

Det vart opp gjennom åra lagt ned ein umåteleg stor dugnadsinnsats av laga, noko ein ikkje fekk kompensert av kommunen, som seinare valde å omdisponere bruken av arealet til skule og idrett, til fortrengsel for hesteinteressene og landbruksorganisasjonane i bygda. Blåstallane vart brukt til kommunalt lager inntil dei vart rivne. Til slutt måtte ein søke kommunen om å få lov til å halde utstillingar og andre større arrangement på det som historisk sett var ”vår plass”.

Etter kvart som aktiviteten og interessa for hestesport auka, vart det klart at ein hadde behov for eit eige område, der det kunne byggjast stall, ridebaner og ridehall. Ørsta og Volda fjordhestlag har sidan tidleg på 70-talet arbeidd for å få kommunen til å erstatte tapet av Utstillingsplassen på Ripateigane. I 1981 vart Ørsta ride- og køyreklubb skipa og klubben starta tidleg samarbeid med fjordhestlaget for å få realisert tanken om eit eige anlegg til bruk for hesteinteressene. Klubbane arbeidde i mange, mange år for å få regulert eit område for framtidig etablering av ein hestesportsarena i kommunen og i 1995 vart Dalateigane endeleg regulert til hestesportsføremål i Ørsta. Ein var komne så langt i prosessen at ein var klare til å byrje der, men då oreigningsheimelen skulle forlengjast av politikarane i kommunen vart det tommelen ned. 30 års arbeid – og laga vart flytta tilbake til start.

I samarbeid med grunneigarane Jarle Blomvik og Eivind Leite i Melsbygda, fekk hesteinteressene i 2005 hand om eit område som kunne nyttast til føremålet. Området måtte regulerast til bruk for hestesport og vi var i full gang med reguleringsprosessen då kommunen i praksis sette ned foten også for realisering på dette området. Vi gav ikkje opp og arbeidet heldt fram!

Den 8. Mars 2019 kom endeleg ein avtale med Ørsta kommune om leige av grunn i Idrettsparken i boks! Ørsta hest vart skipa og dette er eit unikt samarbeidsprosjekt.

“I 1987 sat eg i mitt første nemndsmøte om hestesportsanlegg i Ørsta. I dag, 8. Mars 2019, skreiv eg på vegne av Ørsta ride- og køyreklubb under avtale med Ørsta kommune om leige av grunn i Idrettsparken på Mosflata! Ein stor dag for meg personleg, for klubben, dei to andre laga, Vestri Islandshestforening og Ørsta/Volda fjordhestlag – og for kommunen vår! Takk til alle som har bidrege i prosessen, til administrasjonen og sist, men ikkje minst – ordførar Stein Aam, som heile vegen har vore ein positiv medspelar. No vert det endeleg anlegg!” – Margrete Homlong Øyehaug

 

Vi gler oss til å i framtida kunne ta i bruk eit anlegg i Idrettsparken på Mosflata!

Leave a Reply