Skip to main content

Fjordhest NM Førde

Ryttarar, kuskar, hestar, trenarar og heiagjengar frå heile landet har i fleire veker budd seg, og gleda seg til årets store happening: Fjordhest NM, og denne gongen i Førde.
Stemnet gjekk av stabelen med nær 100 ekvipasjar, der 15 av 17 krinsar frå heile landet var representert. Det vart konkurrert i greinene dressur, sprang og køyring.

I frå Ørsta/Volda stilte tre ekvipasjar. Hedda Ose og Tyrijenta, Liv Jorunn Nyhagen og Soltuns Trym og Marina Volle Solvang og Kaisas Hera.
Dei er alle på forskjellege nivå, men konkurransenervane var på plass hos alle tre.

Med fullpakka bilar og hestehengarar drog dei i veg frå Volda mandag 9.30. Vel framme i Førde nokre timar seinare vart hestane registrert inn hos sekretariatet og viare plassert i teltstall fylt med masse spon og medbrakt, godt høy. I løpet av dagen var det vet.skjekk for alle hestane som skulle delta på NM og opningsseremoni, der alle hestane gjekk i parade.

Konkurransane starta tysdag med dressur, i klassane LA5, LB, LC og middels dressurkøyring.

Onsdag var det LA2, finale i greinmesterskap dressur og lett dressurkøyring. Hedda Ose og Tyrijenta gjorde ei fin runde i lett dressurkøyring.

Torsdag var det lett og middels maratonkøyring på planen, samt svensk feltritt som inngitt i knøttecup. På kvelden var det rytterfest.

Fredag var det 90cm sprang og middels, lett og utdanningsklasse i presisjonkøyring. Her hadde Marina Volle Solvang og Kaisas Hera si beste runde.

Laurdag var det duka for sprang i 60, 70, 80 og 90cm.

Trass mykje regn var det mykje aktivitet på stemneplassen. Hestane sto inne, torre og nysgjerrige. Ute sprang folk både med og uten paraply frå dør til dør for å unngå å bli gjønavåte av regn. I kiosken forsynte publikum seg og kjøpte seg varm mat og kaffi. Ein skulle tru at regn og 11°C tok knekken på smilande, blide fjes, men då har du ikkje møtt engasjerte hestefolk. Det var tydeleg å sjå at dette var eit arrangement mange hadde gleda seg til. Alle heia på alle, uavhengig av nivå, og smila og heiaropa steig i takt med sola som braut i gjennom skyene.

Fridagene vart brukte på lette økter, og ofte fleire leieturar for å strekke på beina. Hestane hadde det fint sjølv om det vart litt lengre tid på boks enn normalt. Anlegget på Mo er veldig stort, og ikkje minst så er det utruleg fint der. NM-opplevinga gav mykje nye inntrykk på både hestar og ryttarar, så turstiane og travsporet vart godt brukt. Huldefossen er og ein populær destinasjon, men i år var det vedlikehald på ei bru, så ein kom seg ikkje heilt bort. Fossen er veldig stor, så den synast godt på avstand.

Det var to som holdt stand på årets NM arrangement. Norges Fjordhestlag sin største sponsor, St.Hippolyt, og Norges Fjordhestlag.
St. Hippoly sel kvalitetskraftfôr og Norges Fjordhestlag sel blant anna genserar, caps, salunderlag og dekken med påbrodert logo.

Det var spanande å vere til stades på eit Fjordhest NM der ein får sjå fleire dyktige fjordhest-ekvipasjar. Mange tok nye personlege rekordar og nivået var høgt. Der var mange blide og hyggelige hestefolk, og fleire av deltakarane skal delta på EM i Danmark 28-31 juli.

Det er bere å byrje å gle seg til NM 2023, som skal stå på Øysand i Trøndelag.

 

Foto: Ingvild Rydjord Hansen

Leave a Reply