Skip to main content

Velkommen til hestehelg med Trine Bøhnsdalen 28-30.okt

Vi gjentek suksessen frå i vår, og var raske å booke denne fantastiske dama igjen! No har du moglegheita til å få ei betre hesteforståing! Dette kurset passar for alle, anten du har spesifikke problem du ynskjer hjelp til i riding og/eller handtering, eller om du berre ynskjer eit nærare forhold til hesten din. Kurset er ope for alle, både med og utan hest. Vi startar fredag ettermiddag med ei tre timars teoriøkt for både hesteeigarar og publikum. Deretter er det sett av ein time pr. hest laurdag og søndag. Det er 7 plassar med hest, og mange plassar utan!

 

Pris med hest: 2100,-

Pris for publikum inkl teori: 500,-

Pris for publikum junior (under 18 år): 350,-

Pris kun for teorien fredag. 200,-

Halleige om du ikkje har det: 100,- (for dei med hest)

 

Medlemmar i eitt av laga tilknytt Ørsta Hest har fortrinnsrett på påmelding med hest fram til 1. september. Andre kan sette seg på venteliste. Etter 1. september fyller vi dei evt. resterande plassane etter rekkefølga på ventelista. Påmelding/spørsmål til Trine Funderud på messenger eller tlf. 97130432 Bindande påmelding.

 

Litt info: «Trine hjelper folk med å forstå og kommunisere betre og enklare med hestane sine, og ho hjelper hestane med å forstå menneska rundt seg betre. Ho fokuserer på grunnleggande handtering og riding, og hjelper deg å vere bevisst rundt kva du gjer og ikkje veit at du gjer, som påverkar åtferda og oppførselen til hesten i alle situasjonar. Trine har ein allsidig bakgrunn med hest, men har særleg røter innanfor ulike westerngreiner, arbeid med unghest og hestar med utfordrande atferd. Noko av det ho jobbar mest med er å hjelpe folk med å sjå dei små og subtile tegna fra hesten på uro, usikkerhet og avspenning, som har stor betydning for vidare trening og samhandling med hesten.» Meir info på www.trinebohnsdalen.no

Leave a Reply