Skip to main content
Velkommen til førstehjelpskurs!
Dei aller fleste har falt av hesten og fått litt smerter eller skada seg skikkelig. Mange har kanskje også blitt trakka på av ein hesten eller til og med måtte kontakte 113 for hjelp.
I dette kurset vil vi legge fokus på skader vi kan få i forbindelse med riding og handtering av hest. Og ikkje minst, korleis vi kan bidra med tiltak for lindring og behandling av skader. Og ikkje minst sikkerheitstiltak for å unngå skader!
Kurset vil bestå av teori og praktisk del.
Tema vi vil gå innom:
– Bruddskader
– Hodeskade
– Ryggskader
– Nedkjøling
– Blødning
– Ryttersikkerheit
– Praktisk øving
Kursleiar vil vere Rakel Sætre. Ho er utdanna sjukepleiar og har fagbrev i ambulansefaget og jobbar i ambulansetenesta i Herøy og på Søre Sunnmøre Legevakt. Ho driv sjølv med hest på fritida og ønsker å bidra med dette kurset for å forbedre kunnskapen innanfor hestemiljøet. Men også å skape dei beste forutsetningane for å hjelpe andre når uhellet er ute.
Sted: Ørstahallen (kjem tilbake med rom)
Tid: 26. Januar kl. 18.00 (ca. 2 timar)
Pris: 100,-/deltager
Max antal deltagera er 16 stk, om fleire interesserte, blir det arrangert nye kurs fortløpande!

Påmelding på eige innlegg HER.

Venteliste vil bli sett opp om fråfall
Alle hestefolk uansett klubb er velkomne!
Ørsta Ride og Køyreklubb ynskar dåkke vel møtt!

Leave a Reply