Skip to main content
Ørsta ride og køyreklubb inviterer til kurs for Gunnar Bruland 17-18 februar.
Gunnar er utdanna køyreinstruktør ved Starum, og har mange års erfaring innan konkurransekøyring og undervisning. Han har også fleire år vore kusk ved utvida bruksprøver både for fjordhest og dølahest. Han har eit spesielt godt auge til å lese hestens, og samspel mellom kusk/rytter og hest.
Han underviser i temming/generell handtering, tamekøyring, innkøyring, dressurkøyring, maraton og presisjon.
Underviser også i innriding og dressurriding.
 
Pris:
Medlem ØRKK eller ØVFL: 900,- for heile helga.
Ikkje medlem 1000,- for heile helga.
Èin kan også vere med ein dag (30 min), då er prisen 450,- for medlem og 500,- for ikkje medlem.
Anleggsleige per dag dersom ikkje løyst halleige:
100,- medlemmar.
150,- ikkje medlemmar.
Påmelding til Helene Fjellving Solbakken
 

Leave a Reply