Det er nytt år og tid for ny halleige.

Det er gjort litt tilpassingar som vi trur vil generere meir aktivitet for fleire, og som gir grunnlag for vidare utvikling av anlegget. Det er første heile året vi kan bruke den flotte ridehallen på Mosflata nær Ørsta sentrum. Hallen er fullisolert med rideflate 20×60 meter. Banedekket er elvesand med 4% finstoff, og er anbefalt av Norges Rytterforbund. Vi har god tru på at dette dekket skal vere godt eigna til både store og små, unge og gamle, men det må brukast av oss, og det må pleiast både med maskin og med jarnrive.

Planen er at rideflata vert slodda om lag annankvar veke, alt etter kor hard bruken har vore. Dette vert gjort på dugnad. Om du ynskjer å bidra til sloddedugnaden kan du få rabatt på di halleige. Ta kontakt med Kjell Martin Standal så får du informasjon om dette. Ta også kontakt om du har andre tilbakemeldingar vedkomande dekket i hallen. Brøyting vert også gjort når det trengs, og vi har vel tenkt at det skal brøytast når det er 10-15 cm snø. Vi brøyter ikkje heile parkeringsplassen anna enn i spesielle tilfelle.

Ørsta Hest har ei flott nettside som me ynskjer å ta meir i bruk for informasjon til alle som betalar halleige og til andre. Generell informasjon om hallen, men også komande aktivitetar og treningar vil ligge der. Ynskje om å halde av tid til kurs og trening vil vi i størst mogleg grad kome i møte, og for å få bestilt hallen, ta kontakt med Anne Stine Foldal Aam som skal prøve å halde oversikt. Har du informasjon som bør ligge på nettsida så ta kontakt med Charlotte Eikrem.

Så til kva vi må betale: Ein bind seg for minimum 6 månadar frå januar til juni og juli til desember. Dersom ein vel å betale halleige oppdelt i månadleg leige, bind ein seg for eitt heilt kalenderår. De kan velje enkeltbrukar eller familie. Nytt av året er at fôrrytter kan bruke hallen utan avgrensing når eigar av hesten har betalt halleige for seg. Vi tenkjer dette som eit godt tiltak for rekruttering der det vil koste under 20 kroner i veka for desse. På same måte er prisen ekstra lav for dei som er under 16 år. Vi har også tilbod om fastgjest-leige på kr 1000,- årleg for dei som allereie betalar halleige i Volda eller i Hjørungavåg, men som ynskjer å ta del på samlingar og trening i Ørsta. Det er ½ pris for honnør, og det er høve til å betale for feriebruk for studentar og andre som kjem hit i feriar. For å få tilsendt avtale og faktura på halleige, eller andre spørsmål om halleige, ta kontakt med Anne Stine.

Til sist vil vi oppfordre alle som brenn for det gode prosjektet vårt og hesteglede om å melde seg for bidrag til dei mange ulike oppgåvene som skal gjerast, både administrative og praktiske i Ørsta Hest AS

Leave a Reply