Rutinar for bruk av hallen ved utleige til brukar med hest eller hund Generelle reglar ved bruk av ridehallen for trivsel og tryggleik
• Alle som nyttar hallen skal betale halleige.
• Det er lov å sleppe hestar, men vaksen hest over 3 år må sleppast 1 og 1. Yngre hestar kan sleppast saman.
• Ved slepping av hest skal den enkelte slodde etter seg.
• Venstre hand har førsterett på sporet. Det vil seie at passering skjer venstre skulder mot venstre skulder.
• Dersom fleire trener samtidig skal leiing og skritting alltid skje innanfor firkantsporet.
• Når fleire trener samtidig, må ein take omsyn så ein ikkje sjenerer andre ved høge rop, prating og liknande.
• Utstyr må ryddast på plass etter bruk
• Kast søppel i bosskorgene
• Husk å fjerne all møkk inne og ute, slik at dette ikkje går ut over den tida frivillige bruker på slodding og måking. Møkk må fjernast raskt slik at den ikkje vert trakka ned i underlaget.
Hundeeigarar kan løyse halleige på same vilkår som hesteeigarar/medlemmer i laga og forheld seg då til satsar og reglar for bruk av ridehallen med unntak av medlemskapskravet.
Reglar for bruk står oppslått i hallen.
Brukarar med halleige må vere merksame på følgjande:
1. Ein må rekne med at her kjem andre brukarar med hest eller hund og bruker ledig del av hallen. Trening med hund samtidig med hest skal berre skje innanfor firkantsporet.
2. Ein har ikkje eksklusiv rett til å bruke hallen heilt åleine og ein må difor take omsyn til andre.
3. Brukar må ha kontroll på eigen hest eller hund.
4. Dersom ein ynskjer åleinetid, må ein vente til andre brukarar er ferdige med treningsøkta si eller oppsøke hallen på dagtid og utanom helg. Brukar kan få inntil 15 minutt til avslutting av eiga treningsøkt før neste brukar.
5. Aktivitetar med hest eller hund i større grupper som vanskeleggjer andre sin bruk skal avtalast og bookast i god tid på førehand.
6. Aktivitetar med hest eller hund der ein skal setje opp bane eller utstyr eller som på anna måte vanskeleggjer andre sin bruk skal avtalast og bookast særskild i god tid på førehand.
7. Brukarane kan bruke facebooksiden for brukarar til å melde frå ved særkilde behov. Vi ønsker alle brukarar velkomne i hallen og at alle bidreg til eit positivt og inkluderande miljø 🙂
