Skip to main content

No har du moglegheita til å få ei betre hesteforståing den 22-24 april! Dette kurset passar for alle, anten du har spesifikke problem du ynskjer hjelp til i riding og/eller handtering, eller om du berre ynskjer eit nærare forhold til hesten din. Kurset er ope for alle, både med og utan hest. Vi startar fredag ettermiddag med ei tre timars teoriøkt for både hesteeigarar og publikum. Deretter er det sett av ein time pr. hest laurdag og søndag. Det er 7 plassar med hest, og mange plassar utan!

Pris med hest: 2500,-

Pris for publikum: 350,-

Påmelding/spørsmål til Trine Funderud , arrangement finner du HER.

Medlemmar i klubbane tilknytta Ørsta Hest har førsterett til plassane med hest. For å nytte seg av førsteretten må du vere påmeld innan 20. februar. Bindande påmelding.

Litt info:

«Trine hjelper folk med å forstå og kommunisere betre og enklare med hestane sine, og ho hjelper hestane med å forstå menneska rundt seg betre. Ho fokuserer på grunnleggande handtering og riding, og hjelper deg å vere bevisst rundt kva du gjer og ikkje veit at du gjer, som påverkar åtferda og oppførselen til hesten i alle situasjonar. Trine har ein allsidig bakgrunn med hest, men har særleg røter innanfor ulike westerngreiner og arbeid med unghest og hestar med utfordrande atferd. Noko av det ho jobbar mest med er å hjelpe folk med å sjå dei små og subtile tegna fra hesten på uro, usikkerhet og avspenning, som har stor betydning for vidare trening og samhandling med hesten.» Meir info på www.trinebohnsdalen.no

Leave a Reply