Skip to main content

På søndag var det arrangert klippekurs på Ytrestøylen. Fem uvitande fjordhestar sto til disposisjon.

Per Harald Myklebust forklarte entusiastisk korleis ein fjordhest-man skal sjå ut, med tanke på eksteriøret til hesten. Har hesten kort hals, bør bogen på manen vere slakkare for å visuelt forlenge halsen.

 

Skogheims Vilja har kort hals, så bogen er slakkare.

Fryds Embla har ein lengre hals, so her kan bogen vere brattare.

Før klippestart fuktar ein mana litt (gjerne med vatn på sprayflaske) og børstar den oppover og flokefri. Då står mana litt stivare og det blir lettare å klippe.

 

Tyris Fryd før og etter frisørtime.

 

Me fekk også nokre tips og triks på korleis å tynne ut ein breid man med mykje svart i, korleis me skal sjå an kroppen til hesten før me startar klippinga og korleis ein går fram ved nedklipping av man med klippemaskin.

Leave a Reply