Ørsta Hest har fått nettside!

Siste vekene, har vi jobba med heimeside for Ørsta Hest AS. Me fekk Adrienne Eikrem på saka og ho har med bidrag frå laga og styret laga ei fantastisk flott side for oss! Her finn du oversikta over laga/klubbane, sponsorar og støttespelarar, planar og byggjesteg for anlegget og mykje anna relevant informasjon. Det vil også bli oppdatert jamnleg med nyhende og artiklar i form av blogginnlegg.

Forhåpentlegvis blir det meir oversiktleg og enkelt å finne fram i informasjon du leiter etter vedkomande Ørsta Hest.

Tips til saker du ynskjer skal skrivast om –  kontakt med redaktør Charlotte Saure Eikrem over Facebook eller mail:  Chally577@hotmail.com

Gode påskehelsinger i frå oss i Ørsta Hest!

Leave a Reply