Skip to main content
Linn er utdanna ved Norges Veterinærhøgskule og har tatt videreutdannelse i odontologi på hest ved SLU i Sverige. Hennar hovedinteresse er munnhelse på hest og kor viktig dette er for resten av hestens kropp. I tillegg til tannbehandlinger utfører ho det meste av rutineoppdrag. Ho bur fast i Volda og jobbar både med hest og andre firbeinte i området. 
 

I dette innlegget skal du få svar på følgande spørsmål angåande ormekur til hest; Kva problemer kan ein ormeinfeksjon gi hesten min? Kva kan ein gjer for å forebygge og korleis skal ein behandle? Burde ein ta ei avføringsprøve?

Innvollsorm er ein parasitt som lev i tarmen til hest. Dei vaksne ormane produserar egg som blir med avføringa ut i miljøet. Egga blir liggande i beitet og utviklast til larvar. Hestar får i seg larvane når dei beitar. Parasittene kan overvintre i haugar med møkk trass kulde og snø.

Hovudsakleg behandlast det i Noreg mot fire typer orm: spolorm hos føl og åringar, store og små strongylider med voksne hester og bendelorm på permanente beiter. I tillegg finnast brems og lungeorm. Nederst i innlegget er ein link der ein kan lese meir om dei ulike parasittane.

Sjukdom og symptom

Har hesten mykje orm i tarmen kan det føre til diaré, slappheit og forstoppelseskolikk. Ein type orm (store strongylider) kan bevege seg inni hesten ved at dei trenger seg gjennom tarmen og inn i blodbana. I alvorlege tilfeller kan dette føre til blodpropp dersom mange ormar losnar i blodstraumen samtidig.

Mindre alvorlege symptom kan vere dårleg pelskvalitet, stor mage, kronisk diaré og gradvis avmagring.

Kva burde ein gjer for å forebygge?

Det er mange ting du som hesteeigar kan gjer. For å hindre andre hestar å få i seg smitte, er det viktig med hyppig reinhald i luftegardane. Ormane overlev som sagt ute på vinteren. Har det gått hestar på beitet i meir enn fem år, er dette då nedsmitta og beitet bør stå tomt ein sesong. Det beste er om ein kan bytte mellom ulike beiter og gjerne ha sambeite med ein annen art, til dømes sau eller storfe.

Det er også lurt å ikkje fôre hestane rett på bakken, då minskar ein risikoen for at hesten får i seg larvar. I tillegg til førebyggande tiltak må ein også behandle hestane med ormekur. Det er viktig å ha en strategisk behandlingsplan for å unngå resistensutvikling.

Resistens mot medisinen – Kvifor skal eg gidde å ta ein avføringsprøve?

Om parasittane utviklar resistens vil det i praksis sei at medisinen ikkje fungerar lenger. Om dette skulle skje, vil det få katastrofale følger. Vi har resistensproblem i Noreg, men det står ikkje like gale til som andre stadar i verda der hestar døyr av orm fordi dei ikkje lenger har medisin som fungerar. Hovudgrunnen til resistensutvikling er at det er behandlast for mykje, det blir gitt feil dosering og på feil tidspunkt.

Ein avføringsprøve er ein god investering i flokkhelsa, er ikkje tidkrevande eller vanskeleg. Ein kan bestille prøvesett enkelt på nettet, til dømes på paralab.no.

Behandling av føl opp til 1 års alder.

Hos unge føl er spolorm den klart dominerande innvollsparasitten. Små strongylider spelar ei mindre rolle hos unge føl. Overførsel av spolorm via mjelk eller frå mor til foster er ikkje påvist. Ved å behandle drektige hopper rett før fødsel har derfor ingen effekt og bidreg kun til resistensutvikling. Det anbefalast at føl og åringar følger dette regimet:

· Når følet er 6-8 veker bør det behandlast mot spolorm (Panacur).

· Behandle mot strongylider (t.d Ivomec comp) 6-8 veker etter beiteslepp.

· Når følet er 16-18 veker gammalt, bør det behandlast mot spolorm.

· Det bør behandlast mot orm ved innsett om hausten både mot spolorm og strongylider.

Behandling av unghestar opptil 4 år.

· Før beiteslepp bør unghesten behandlast mot både spolorm og strongylider.

· Etter beitesesongen bør denne behandlinga gjentakast.

Vaksne hestar.

Vaksne hestar utviklar ofte immunitet ovanfor spesielt spolorm. Generelt bør ein ikkje behandle vaksne hestar utan at ein har tatt ein avføringsprøve for å sjekke om hesten faktisk har orm.

Ofte er det slik at i ein flokk med til dømes 8 vaksne hestar er det kanskje berre éin hest som faktisk har orm og skil ut egg. Då er det lurt å kun behandle denne eine hesten og ikkje heile flokken. Då sparer ein dei resterande hestane for unødig medisinbruk, ein bidreg ikkje til stor resistensutvikling og ein sparer penger.

Har du spørsmål angåande parasittstatus eller prøvetaking, ta kontakt med veterinæren din.

For meir informasjon om dei ulike ormane, kan ein lese denne artikkelen:

http://www.travsport.no/PageFiles/7678/artikkeler/Innvollsparasitter.pdf

2 Comments

Leave a Reply