Skip to main content

Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede, seiast det. I 2020, kan det nesten tellast på ei hand antal dagar det har våre fint vær. Det stoppar sjølvsagt ikkje hestefolket frå å trene, men det er absolutt slike dagar ein drøymer om hall!

Torunn kjem jamnleg til å tilby treningar framover, hovedsakelig på onsdagar. Oppdatering og påmelding er å finne på facebookgruppa  «Ridetimar for Torunn i Ørsta/Volda».

Prisar 30 min:

  • 250 kr per ekvipasje per gong  for Vestri-medlemmar.
  • 300 for ikkje-medlemmar.

Dersom ho skal reise til Volda må der vere minst 4 deltakarar/betale tilsvarande (kan vere fordelt mellom Volda ridebane og Ytrestøylen) og dei må sjølve passe på å betale baneleige der. Ho har ikkje skulehestar, så deltakarar må møte med eigen/lånt hest.

Betaling via Vipps og  bedrifta er kalla : Melshestar -Torunn Hjelvik

Regnet driv ned, men det har ikkje mykje å seie for humøret til Torunn.

NRYFs Koronavettreglar 

• Vask av hender ved ankomst stallen

• Rengjering/desinfisering av hesten sitt utstyr – spesielt tøylane

• Ri med eige utstyr som hjelm og evnt. sikkerheitsvest

• Ha på hanskar til ei kvar tid

• Maks 5 personar samtidig, inkludert trenar, evnt. annan vaksen person

• Alle må halde minimum 2 meter avstand

• Dersom det kun er born og unge som rir, skal det vere ein vaksen til stades for å syte for at avstandskravet blir overheldt

Her kan du lese NRYFs koronavettregler

One Comment

  • Margrete Homlong Øyehaug sier:

    Kjempebra at vi får eit nytt treningstilbod i Ørsta og Volda. Torunn er dyktig og flink til å motivere – så meld dokke på 🙂

Leave a Reply