Skip to main content

Vi laga til oppsett for laushopping på bana på Brudavollen, og ynskjer alle medlemmar tilknytta Ørsta Hest velkomne med hestane sine! Vi set opp tider, slik at ein slepp mykje venting. Vi har eit begrensa antal bokser som kan lånast dersom nokon har med seg mange hestar.

Vanskegrad, hinderhøgde osv. bestemmer kvar enkelt hesteeigar sjølv. Max. to hestar på bana samtidig. Alle hoppar sin eigen hest, men det er mogleg å få hjelp dersom ein kjem åleine. Ingen aldersgrense for hest, dei yngste får god miljøtrening av å springe over bommar på bakken.

Vi anbefaler ikkje å laushoppe drektige hopper.

Vi tek 50,- pr hest, som i si heilheit går til bygging av ridehall. Vippsast til Ørsta Hest ved frammøte.

Vi ynskjer friske hestar og friske folk velkomne!

Leave a Reply