Skip to main content
AktivitetarNyheiterØrsta Ride- og Køyreklubb

Programriding

By 2. oktober 2020november 9th, 2021No Comments

Søndag 25.oktober tilbyr me programriding i dressur for tidlegare dommaraspirant Ida Kristine Standal Eikrem.

Er det lenge sidan du har starta stevne, eller synes terskelen for å melde seg på stevne er for høg? Eller kanskje du vil opp ei klasse og ønsker ein peikepinn på kva nivå du ligg på, utan at det er teljande? Jo, då må du melde deg på. Ei fin muligheit til å skaffe stevneerfaring utan at det er offisielt og teljande.

Me køyrer klassene:

RLD1

LC1

LB1

LA1

Om du ønsker å ri eit anna program så er det sjølvsagt fult mogleg, men gi beskjed seinast ein dag før til Ida Kristine, slik ho får lære seg programmet. Dette er ope for alle som ønsker å vere med.

Pris 100,- per klasse, der pengane går uavkorta til bygging av ridehall. Gratis for dei under 18 år. Ta på finstasen på deg sjølv og hesten, og kom å bli med . Det vil bli deltakarsløyfe til alle som er med.

Leave a Reply