Skip to main content

No kjem ridehallen! Styret har hatt ein hektisk, men positiv start på nyåret – med styremøter, møte med Fjøssystemer, med Volda Maskin og tett dialog med kommunen. Ørsta Hest kan gle dykk med at det vert ein isolert hall, noko som gjev brukarvenleg temperatur året rundt. Innerveggane vert lyse (varm kvitfarge), noko som reflekterer godt lyset frå lysmøne og lysanlegg, dermed får vi svært gode lysforhold. Fargen på ytterveggane vert antrasittgrå. Med 8-9 veker leveringstid på stål, 4-5 veker arbeidstid for å setje opp hallen, kan vi sjå fram til hall om ei 12-14 veker!

Bygging av vant og utlegging av sand skal gjerast på dugnad – dette kjem vi attende til! Styret tek elles sikte på å legge oss på omlag same prisnivå som for andre anlegg i nærleiken. Byggestart for ridehallen blei som kjent utsett då det synte seg at flaumsonekartlegging for Idrettsparken og tomta vår ikkje stetta gjeldande krav. Dette kom først fram i slutten av oktober i samband med nabovarsling og byggesøknad.

Ny og fullstendig kartlegging kom nokre veker på overtid, slik at me ikkje kunne starte før jul. No er dette kome i orden! Graveentreprenør og betongentreprenør står og tripper, her er nokre få brikker som må på plass før løyve vert gitt. Når dette er klart kjem vi med meir informasjon om tidsplanen vår.

Vi kan også melde at vi allereie har fått ein ny sponsor som vil vere med på laget vårt og går inn med 50 000 og 20 000 pr år i fem år! Det vert jobba jamnt og trutt mot målet og for dokke medlemmane og brukarane. Ta kontakt med Rakel Sætre på pm dersom du vil bidra med noko, smått eller stort!

Leave a Reply