Skip to main content

—-LINKEN FINNER DU HER —–

Laget vårt er med i ‘Klubben i mitt hjerte’, der vi konkurrerar om flotte pengepremiar! Vi håpar alle støttespelarar der ute som har eit hjarte i klubben – vennar og bekjente, familie, medlemmar og blodfans, kan hjelpe laget vårt med å vinne! No skal hestesportanlegget realiserast! Fyrste byggjesteg er ridehall og vi satsar på byggestart i desember 20/januar 21. Så no må me spleise!

I 50 år har vi kjempa for hestesportsanlegg i Ørsta. Klubbane er sjølve ansvarlege for å skaffe finansiering og treng difor all den støtta vi kan få. Vi er i tredje året utan hall og styret har som mål å vere under tak ila. vinteren eller tidleg vår 2021. Hjelp til så vi kjem i mål! Vi skal tilby meiningsfylte aktivitetar for barn, unge og vaksne, og leggje tilrette for meistring på ulike livsområde og i idrettssamanheng. Hest er ein fantastisk hobby og hestesporten inkluderar alle, uavhengig av kjønn, alder og funksjonsevne.

 

Byggesteg 1: Ridehall med klubblokale.

Byggesteg 2: Ovalbane/ridebane samt rettstrekke for islandshest.

Byggesteg 3: Stallanlegg, gir høve til å starte rideskule og heste-sfo.

 

Ditt bidrag vil vere med på å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø, idrettsglede og fellesskap i lokalmiljøa. Vil du/ditt firma bli sponsor? Ta kontakt med styreleiar Margrete H. Øyehaug, tlf 48124689.

Leave a Reply