Ørsta Hest skal bygge ridehall levert av Fjøssystemer AS. Her ser dykk dei nyaste teikningane av hallen som er på 23,5 x 70 m samt situasjonsplanen over heile anlegget når alle tre byggestega er ferdige! Ovalbane samt rettstrekke på 250 m er byggesteg 2 og stallbygget er byggesteg 3.

Byggestart er dessverre noko utsett på grunn av at det må gjerast ei ny flaumsoneutgreiing, men kommunen er godt i gong med arbeidet i høve til dette så det nærmer seg! Vi har håp om oppstart med grunnarbeid før nyttår, men det kan bli januar! Volda Maskin er entreprenøren som skal gjere grunnarbeidet for oss!

Leave a Reply