Skip to main content

Ørsta Ride- og Køyreklubb registrerer at medlemstallet aukar, noko som er svært positivt for framtida og lover godt for aktiviteten på det nye anlegget som kjem. . Vi ønskjer å satse på aktivitet og å byggje lagånd – klubbsatsinga er difor ein viktig del av arbeidet vårt seier styreleiar Margrete H. Øyehaug.

Klubbtrening for Torunn Hjelvik

Vi kan gle dykk med at Torunn har sagt ja til å bli vår faste klubbtrenar frå hausten av! Etter endt beitesesong starter vi opp med klubbtrening for Torunn annakvar veke på Brudavollen! Meir informasjon om dette kjem.

Medlemsfordelar

Hovedmedlemmer får klubbfordel med 1/3 av trenings- og kursavgifter. I vår gjeld dette trening med Torunn, Gunnar-kurset og kurshelg med Silvia. Frå hausten gjeld dette i første omgong klubbtrening. Medlemmer som konkurrerer må starte for ØRKK dersom ein ønsker klubbfordel. Vi arbeider for å skape meir aktivitet og fleire tilbod – ta gjerne kontakt med våre klubbansvarlege og tillitsvalde og fortel kva du ynskjer deg og kva du kan bidra med!

Våre tillitsvalde 2020:

  • Leiar Margrete H. Øyehaug
  • Nestleiar Marit B. Skaar
  • Kasserer; Anita Mari Brekke
  • Styremedlem; Sofie N. Bergmann
  • Styremedlem; Gunvor S. Bondhus
  • Vara; Trine Funderud
  • Vara; Maria N. Rørstad

Andre representantar:

– Klubbansvarleg for trening, kurs og aktivitet er Marit Bjørdalabakke Skaar og Isabell Engjaberg Øye. 

– Klubbansvarleg for medlemskapsregistrering (inn- og utmelding) og Hestesport er Sofie Nikoline Bergmann og for fakturering og regnskap Anita Mari Brekke.

 – Klubbansvarleg i høve til barneriding er Trine Funderud.

 – Ørsta idrettsråd; Sofie N. Bergmann (vara styremedlem) og Margrete H. Øyehaug (leiar valnemd)

 – Klubben sine styrerepresentanter i Ørsta Hest AS; Margrete H. Øyehaug, Anne-Stine F. Aam og Marit B. Skaar.

 – Redaktør for klubben på nettsida til Ørsta Hest; Charlotte S. Eikrem

 – Representantar for klubben i økonomi/aktivitetsgruppa i Ørsta Hest; Annike Øye Lingås, Iren Bodil Aambø, Charlotte S. Eikrem og Margrete H. Øyehaug

 – Representant for ØRKK i bygg-gruppa i Ørsta Hest; Rakel Sætre

Leave a Reply