Skip to main content

Ørsta Ride og Køyreklubb i samarbeid med Volda Rideklubb har arrangert køyrekurs for Gunnar Bruland i helga som var. Det gjekk ikkje lenge før kurset var fullbooka med heile 17 påmelde ekvipasjar. Gunnar Bruland er ein særs ettertrakta instruktør særleg innan innkøyring av unghest, køyring, lonsjering og hengartrening. Han underviser også i riding for dei som ønskjer instruksjon i dette.

Trass i litt ruskeveir vart det ei svært vellukka kurshelg! Dårleg ver er ikkje uvanleg på desse kantar, så me gler oss til å kome under tak i den nye ridehallen som me tek sikte på å realisere i år. Det har vore vanskeleg å planlegge kurs og treningar når alt er veravhengig. Kurset med Gunnar Bruland fekk gode tilbakemeldingar og har vore svært lærerikt, fylt med a-ha opplevingar og nyttige tips å ta med seg på vegen vidare. Me gler oss allereie til neste gong!


No er laga i det tredje året uten ridehall og når me endeleg får tak over hovudet kan me halde kurs, treningar, barneriding, utstillingar og stemne heile året. Det kjem til å verte svært positivt for hestesportslaga og kommunen at ein kan tilby aktivitetar jamnleg og på heilårsbasis både for medlemmer, andre interesserte og ålmenta forøvrig. Dette er også viktig med tanke på rekruttering av nye medlemer og miljøskaping. Tilbod og aktivitetar vi ønskjer å tilby når hestesportsenteret er ferdig.


Hest er ein fantastisk hobby og hestesporten inkluderer alle uavhengig av kjønn, alder og funksjonsevne. Ørsta Hest vil leggje til rette for meiningsfylte aktivitetar for barn, unge og vaksne og for meistring på ulike livsområde og i idrettsleg samanheng.

I 50 år har vi kjempa for hestesportsanlegg i Ørsta og no skal dette endeleg bli ein realitet!. Det er laga sjølve som er ansvarlege for å skaffe finansiering og me treng difor all den støtta vi kan få. Det vert lagt ut spleisar jamnleg på nettsida vår og på Facebook-sidene til dei tre laga som er Ørsta og Volda Fjordhestlag, Ørsta ride- og køyreklubb og Volda og Ørsta Islandshestforening – Vestri. Gullhestesko-aksjonen held fram, ein kan kjøpe sin eigen gullhestesko og denne vert montert på ein godt synleg vegg i ridehallen. Gjevaren får namnet sitt på skilt i hallen og namn publisert på nettsida vår.

Ørsta Hest treng gode samarbeidspartnarar som anten støtter med små eller store beløp. Vi skreddarsyr sponsorpakkar i samarbeid med aktuell sponsor dersom det er aktuelt med anna innhald enn i standardpakkane. Alle sponsormidlar og all støtte uansett beløp er kjærkome! Dei som tipper i Norsk Tipping har også høve til å bli gjeva av Grasrotandel til inntekt for Ørsta Hest.

«Det er veldig kjekt at vi endelig har fått til eit helgekurs for Gunnar igjen, det er nokre år sidan sist. Det er ikkje mange trenarar som hadde stått og undervist oss ute i 12 timar for dag heile helga i det vêret vi hadde, og vi set stor pris på at han ville kome. No ser vi fram til å få på plass ridehall, slik at aktiviteten i hestesporten i området kan blomstre igjen!» – Gunnvor

Leave a Reply