Skip to main content

Hei alle hesteinteresserte i Ørsta og omeign.
2022 er godt i gong og me ynskjer å informere litt om våre planer og aktiviteter framover.

I april hadde me årsmøte og eit nytt styre vart valt og ser slik ut:
Leiar Madsi Vartdal Vinjevoll
Nestleiar Trine Funderud
Sekretær Charlotte Eikrem
Kasserer Annike Øye
Styremedlem Helene Fjellvind Solbakken
Styremedlem Oda Merete Eiken

Vara Marit B Skaar og Margrete Homlong
Vår e-post adresse er orstarideogkoyreklubb@gmail.com

Vi har ei gruppe på facebook der me deler infomasjon i tillegg til at me har fått ei fane under Ørsta Hest si nettside.
Her vil me legge ut informasjon.

Vi ynskjer å invitere alle til å kome med tilbakemeldinger til oss. Det kan vere kurs de ynskjer og meiner me bør arrangere. Det kan vere treninger, aktiviteter.
Vi ynskjer også innspel på andre aktiviteter som kan fremje hest og hestesporten i kommunen og omeign.

 

Vi har fått ny logo. Etter mange år med den samme logoen trengte vi ei oppgradering. Det var media og kommunikasjonslinja på Volda vgs som tok på seg oppdraget. Vi fikk mange gode forslag, og det var Julianne Heggen som laga logoen som gikk heilt til topps. 

 

Vi har også oppretta ein eigen butikk inne på hesteprodukter.no der ein kan bestille kle med logoen vår på:

https://www.hesteprodukter.no/categories/orsta-ride–og-koyreklubb

 

Aktivitet:

  1. Juni var det sommarfest ilag med Vestri og fjordhestlaget i ridehallen. Det var godt oppmøte og veldig kjekt. 

 

Vi har vore på besøk i Farkvammen og Kvitveisen barnehage med den kjekke ponnien Greven. Vi har også avtala at vi skal på besøk til Ørsta heimen, men pga været har ikkje dette latt seg gjennomføre enda. Målet er å skape hesteglede blant folk i alle aldre i kommuna vår. 

 

Litt om kurs og planer me har sett i kalenderen framover:

 

2.-4. September kjem Wenche Johannesen til Volda og ho kan også instruere i Ørsta. Ho har sjølv deltatt i VM i kjøring og har lang erfaring som instruktør i kjøring og riding.

 

7.-9 oktober kan Wenche Johannesen komme. 

 

8.- 9 oktober, nytt kurs med Trollspeilet.

 

28.-30.Oktober er det nytt kurs i relasjonell horsemanship med Trine Bøhnsdalen.

 

4.-6. November blir det kurs med hovslager Odd Anders Otterstad. Kurset tar for seg både teori og praksis ang hovstell og skoing. 

 

18.-20 November kan Wenche Johannesen komme. 

 

Laurdag 26. November. Jul I Ridehallen.

 

I tilegg til dette ønsker vi å få til eit kurs med Gunnar Bruland og det blir jamnleg treninger med Maria Hagen.

Kvar månad vil vi kome med referat frå styremøter om saker me har handsama og oppsummering av aktiviteter som har vore.

 

Leave a Reply