Skip to main content

Onsdag 29.04 vil Torunn Hjelvik undervise på Brudavollen. Ho har lang erfaring med utdanning av hest, som trenar og ridelærar. Ho underviser i dressur, med fokus på det lette og følsomme, samt at rytter skal oppleve meistring og utvikling. Meld dykk på treninga HER

Prisar 30 min:

  • 250 kr per ekvipasje per gong  for Vestri-medlemmar.
  • ØRKK-medlemer får klubbfordel og dekt 1/3 av timeprisen. Ta kontakt med Margrete Homlong Øyehaug for refusjon+
  • 300 for ikkje-medlemmar.

Kva utdanning har du som ridelærar?

-Eg har gått 3-årig utdanning som temjar, trenar og ridelærar på Hólar, eit universitet på Nord-Island. Etter dette har eg jobba i mange år på heiltid som trenar på Island og i Norge. Mykje gjekk i å trene fram hestar for salg, avl og konkurransar. Eg har blandt anna trena fleire hestar som seinare har gått VM for Islandshest med topp plasseringar.

-Eg har også vore so heldig å fått jobba med mange av dei flinkaste trenarane på Island og fekk være med på mange kurs med portugiseren Júlio Borba. Han er utdanna frå og har jobba i den portugisiske rideskulen. Eg lika veldig godt den lettheita i ridninga der og vil gjerne vidareformidle denne og dei viktige byggesteinane i grunnen.

-Så har eg jobba eit par år som hestelærar på Gjermundnes vgs. og har holdt mange kurs og treningar. Individuell undervisning synst eg er kjempekjekt og har alltid eit mål om at rytteren skal kjenne mestring og etterkvart utvikling.

Trenar alle hesterasar, vel møtt!

Leave a Reply