Endeleg er det vår og været er på topp. Det er Oda Merete Eiken (21) saman med vakre Tordensky som pryder Spleisen denne gong. Tordensky er ein 9 år gamal sportsponni (shagya og dartmoor ponni) og du kan finne dei på instagram :  Ponytorden 

Kor lenge har du halde på med hest?

– Er litt usikker kor lenge eg har hakde på med hest, har hatt pauser her og der, men har vakse opp med det.

Kva er di beste oppleving på hesteryggen?

-Veit ikkje om eg har ei bestemt oppleving som står veldig ut, for det forandra seg heile tida. Har jo ei fantastisk oppleving kvar gong eg ferdast på hesteryggen, minus dei dagane vi har ein dårlig dag! Eg får slik ein befriande følelse av å galoppere på ei flat strekke ller berre av å ride generelt. Den følelsen er noko av det beste eg veit, og den opplev eg som regel kvar gong.

Kva ser du mest fram til med det nye hestesportsanlegg?

– Eit stort pluss blir å ha ein plass og trene under tak når det er stygt vær, men det blir også veldig gøy å ha en plass der vi kan ha arrangement, treningar og slikt.

Bli med på vårspleisen vår du også!

No skal hestesportanlegget realiserast! Fyrste byggjesteg er ridehall og skal byggast i år, so no må me spleise!

I 50 år har vi kjempa for hestesportsanlegg i Ørsta. Klubbane er sjølve ansvarlege for å skaffe finansiering og treng difor all den støtta vi kan få. Vi er i tredje året utan hall og styret har som mål å vere under tak innan vinteren 2020. Hjelp til så vi kjem i mål!

Vi skal tilby meiningsfylte aktivitetar for barn, unge og vaksne og leggje til rette for meistring på ulike livsområde og i idrettssamanheng. Hest er ein fantastisk hobby og hestesporten inkluderer alle, uavhengig av kjønn, alder og funksjonsevne.

Byggesteg 1: Ridehall med klubblokale

Byggesteg 2: Ovalbane samt Rettsstrekke for islandshest og trav

Byggesteg 3: Stallanlegg, gir høve til å starte rideskule og heste-sfo

Vil du / ditt firma bli sponsor? Ta kontakt med styreleiar Margrete H. Øyehaug, tlf 48124689.

Spleisen finner du ved og klikke HER.

 

Leave a Reply