Skip to main content
AktivitetarNyheiter

Saltilpassing og foredrag med Norsk Salsenter

By 29. juni 2021november 9th, 2021No Comments

Norsk Salsenter tek turen til oss igjen 2. og 3. september.

Dei tek då ein dag i Ørsta og ein dag i Volda. På kvelden den 2.sept vil dei halde eit foredrag for oss om saltilpassing og viktigheita av det. Treng du ny sal eller sjekk av eigen sal, ikkje nøl med å melde på. Norsk Salsenter har lang erfaring og eit svært godt omdøme. Dei forhandlar mellom anna prestige, ideal, albion, frank baines, summer, Kent and masters m.fl.

Pris på ny sal frå 15000 og oppover. Mange har kanskje hestane sine på beite og hesten er kanskje ikkje i normalt hold på denne tida av året, dette er dei svært flinke å ta høgde for når dei tilpasset ein sal, så det skal ikkje vere til hindring.

Påmeldinga er bindende, og det er viktig å presisere om du ønsker ny sal eller sjekk av eigen sal.

Det er mulig å melde seg på for «mulig ny sal» om den du har ikkje skulle passe, det er ingen kjøpeplikt når ein melder seg på for det, men det blir avsatt meir tid, og dei tek med salar som er handplukka til deg og din hest. Alle som ønsker ny sal eller mulig ny sal, skal du sende inn online saltilpassing når det nærmar seg, eg vil legge ut link til denne når salsenteret har lagt ut salturen på heimesida si.

Dersom stor pågang er det dei som ønsker ny sal, samt tidlegare kunder som ønsker sjekk av sal kjøpt av dei som vert prioritert først.

Pris for foredrag: 250,- per pers (stad kjem me tilbake til når me veit kor mange me blir).

Pris for annleggsleige i Ørsta og Volda dersom du ikkje har halleige : 100,-

Leave a Reply