Skip to main content

Vi har i 50 år arbeidd for hestesportsanlegg i Ørsta og no er vi endeleg i gong. Volda maskin har byrja gravinga, snart kjem Isomur og starter på betongarbeidet og i midten av mars kjem Fjøssystemer som skal setje opp hallen.!  No kan vi endelig sjå fram til hall om ca 12-14 veker!

Første byggjesteg er ridehall! Det blir bygging av fullisolert ridehall på 23.5 × 70 meter. Vi får ein flott ridehall på «gull-tomta vår i Idrettsparken – ei lokalisering mange berre kan drøyme om!

 

— Her finn du spleisen!–

Leave a Reply