Skip to main content

God påske alle sammen! Diverre blir ikkje denne påska slik dei fleste hadde sett føre seg grunna Korona-situasjonen.. Men oppi det heile kan vi kome med ei god nyheit – vi skal bygge ridehall i år! Vi fekk kommunal garanti, spelmiddelsøknad vart sendt og anlegget vårt vart godkjent!

For og feire kjører vi i gong med en påskeegg-giveaway hjå vår facebookside, der du kan vinne et egg fult av goodis for deg og din 4-beinte. Meld deg på du også!

Vi kjører også i gong ein påskespleis. Klubbane er sjølve ansvarlege for å skaffe finansieringa og treng difor all den støtta vi kan få. For å greie å realisere byggjesteg 1 – ridehallen – er vi nøydde til å reise kapital. Vi er i tredje året utan hall og styret har som mål å vere under tak innan vinteren 2020. Hjelp oss og spleise.

Ha ei strålandes påske alle ihop.

Spleis:

https://www.spleis.no/project/98474

Facebook giveaway:

https://www.facebook.com/groups/

Leave a Reply